|
Kva er NM fjordhest?
Det er i år Ørsta Ride- og Køyreklubb og Ørsta og Volda Fjordhestlag som saman
har tatt på seg den store og ærefulle oppgåva å arrangere Noregsmeisterskap for
Fjordhest, 13. – til 18. juli 2010. Arrangørane har lange tradisjonar innan hestesport
og hesteavl i Ørsta og på Sunnmøre, og vi har god tru på at vi skal få til eit flott NM
for både publikum og deltakarar til sommaren.
Hovudarenaen for årets NM er utstillingsplassen midt i Ørsta sentrum, som i ei årrekke har vore viktig samlingsplass for hestefolk frå alle kantar av landet.
NM Fjordhest vart for fyrste gong arrangert i Førde i 1986, og har deretter gått på
rundgang mellom engasjerte fjordhestlag og rideklubbar i heile landet.
Dette er eit arrangement i regi av fjordhestmiljøet i Noreg, og er underlagt reglementet i Norges Idrettsforbund og Norges Rytterforbund.
NM har etter kvart utvikla seg til å bli eit meisterskap som samlar dei beste og mest allsidige fjordhestekvipasjane i landet. Det er eit høgt, og stadig stigande nivå på NM-ekvipasjane.
NM Fjordhest har vorte eit veldig stort arrangement etter kvart, og siste åra har det vore godt over hundre ulike ekvipasjar til start. Det er eit svært populært arrangement som kvart år dreg mykje publikum, ikkje berre frå Noreg, men også frå utlandet.
Det vert under NM-veka arrangert Noregsmeisterskap både for senior og junior, samt for lag. Desse konkurransane krev kvalifisering. I NM-samandraget for seniorane inngår dressurriding, sprangriding og maratonkøyring. Ein rir som senior frå det året ein fyller 18 år.
For juniorane inngår dressurriding, sprangriding og presisjonskøyring. Ein kan delta i individuelt NM frå det året ein fyller 14 år, og til og med det året ein fyller 18 år.
I NM for lag er det ein deltakar frå laget i kvar grein, dressurriding, sprangriding og maratonkøyring. Alle deltakarane på laget må vere medlem av same rideklubb. Det er dei beste samanlagt i alle deløvingane som får NM-titlane.
I løpet av NM-dagane skal det også kårast ein Beste Unge Fjordhest i høvesvis 4-, 5- og 6-årsklasse.
I alle greiner vert det også arrangert opne klasser som ikkje krevjer kvalifisering.
Set av dagane 13. - 18. juli for å få med deg Noregsmeisterskapen for fjordhest 2010,
som i år går av stabelen i vakre Ørsta på Sunnmøre.
Link til arrangørarane sine eigne nettsider:
Ørsta ride- og køyreklubb
Ørsta Volda Fjordhestlag
Vår hovudsponsor:

|