Det skjer i Ørsta 13.-18. juli...

 

Fjordhest-NM

2010

 

 

 

Stemneplassen

Årets fjordhest-NM skjer så og seie midt i Ørsta sentrum på eit intimt og flott område som ligg

godt til rette for avviklinga av arrangementet. Under NM disponerer vi den tradisjonsrike

utstillingsplassen samt område nær Ørsta stadion og Ørsta ungdomsskule til baner og

oppstallingsområde. Alt ligg i gåavstand til sentrumskjernen og dei sentrale overnattings-

stadane i Ørsta.

 

Det meste av stevnet vil foregå innanfor sirkelen på biletet.

 

 

Ørsta ligg på Søre Sunnmøre om lag seks mil sør for Ålesund, kommunikasjonsmessig

godt til med gode bussforbindelsar og eigen flyplass. Vegen hit er ikkje så lang frå

nord eller sør så det skulle vere høve for mange å ta turen til stemneplassen NM-veka,

både deltakarar og tilskodarar. Velkomne skal de vere!

 

For meir informasjon om Ørsta, sjå www.orstainfo.no

 

Ørsta:

 

 

 

(Kart henta frå www.sunnmorskart.no, www.gulesider.no)

 

 

Vår hovudsponsor:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Treng du overnatting?

Vi har fått reservere heile Møre folkehøgskule under NM-veka, der du får overnatting og frokost til ein rimeleg pris. For bestilling (bindande) ta kontakt med gunvorskaar@hotmail.com.

Dette er no fullt!

 

Vil du ha andre alternativ sjå www.orstainfo.no, eller ta direkte kontakt med Ørsta reiselivslag på

70 06 85 18 eller info@orstainfo.no