Det skjer i Ørsta 13.-18. juli...

 

Fjordhest-NM

2010

 

 

 

Ut på tur?

 

Ørsta reiselivslag har laga eit flott turopplegg for dei som ønskjer å

sjå nærare på Ørsta og omegn under NM-veka.

 

 

TURVEKE I ØRSTA 13. - 17. JULI:

 

For alle bussturane gjeld at vi hentar deltakarar på

stemneplassen til Fjordhest-NM (ved klubbhuset),

så køyrer vi til Turistkontoret (som er samlokalisert

med Ørsta Kunsthus der det også er påstigning.

 

Vi oppmodar folk på det sterkaste om å melde seg på

dagen før, slik at vi ser om vi treng éin eller to

minibussar!                                                                  

Påmelding på tlf 70068518 eller info@orstainfo.no                                       

 

 

 

 

Tysdag 13. juli:                        

RO VIKINGSKIP PÅ BJØRKEDALSVATNET OG BESØK IVAR AASEN-TUNET

 

Oppmøte stemneplassen v/ klubbhuset kl 09.45

Oppmøte på turistkontoret i Ørsta kl 10.00

Etter avtale oppmøte på ferjekaia i Volda kl 10.15

 

 

*Ørsta turistkontor, samlokalisert med Ørsta Kunstlag.

 

 Vi køyrer til Volda og tek ferje til Folkestad. Derifrå køyrer vi vidare til Bjørkedalen. Første stopp er den gamle båtsamlinga, deretter køyrer vi ned til sjølve Bjørkedalsvatnet. På Bjørkedalen har dei bygd båtar heilt sidan 1500-talet, truleg enda tidlegare, og dei var hovudleverandør av båtar til fisket på Sunnmørskysten heilt fram til krigen. Det som er spesielt med at båtane vart bygde på Bjørkedalen, er at dalen ligg sju kilometer opp frå sjøen, så dei måtte frakte båtane langs den til dels bratte vegen. Bli kjend med ein sterk båtbyggjartradisjon, og prøv å ro ekte vikingskip på Bjørkedalsvatnet! Greier de å ro i takt? (Dersom det skulle trengst, kan vi også få hjelp av ein påhengsmotor.) Båtbyggjaren sjølv vert med på båtturen og  har mykje interessant å fortelje. På veg tilbake til Ørsta stoppar vi ved Ivar Aasen-tunet. Her får vi sjå filmen om Ivar Aasen sitt liv. Om det vert omvisning på museet. Vi reknar med å tilbake i Ørsta kl 14.00.

 

     

 

Pris for vaksne kr 300,-

Pris for born t.o.m 12 år kr 200.-

For å vere sikra plass er påmeldingsfristen kvelden før innan kl 22.00. Tlf 70068518 eller info@orstainfo.no

 

 

 

Onsdag 14. juli:

SENTRUMSVANDRING I ØRSTA

Oppmøte på turistkontoret i Ørsta kl 12.00

Vi startar ved turistkontoret i Webjørn Svendsensgate. I Vikegatafinn vi m.a. den flotte Svendsengarden, bygd i sveitsarstil, vidare til Simahaugen og Ørsta Kyrkje. Guiden viser oss det gamle Ørsta og vi følgjer utviklinga from mot vår eiga tid gjennom å få vite meir om både bygningar og folk som har levd og hatt sitt vyrke i Ørsta.  Vi går ned mot småbåthamna før vi kjem tilbake til turistkontoret.  Vandringa varer ca 2 timar

 

Pris for vandring kr 70,- Born under 15 år gratis i følgje med familien. Familiebillett opp til 5 personar kr 200,-.

Ikkje førehandspåmelding

 

 

ETTERMIDDAGSTUR TIL YTRE-STANDAL:

BUSSTUR GJENNOM SUNNMØRSALPANE TIL HJØRUNDFJORDEN

OG FOTTUR TIL SÆTRA!

 

Oppmøte stemneplassen v/ klubbhuset kl 16.45

Oppmøte på turistkontoret i Ørsta kl 17.00

 

 

Bussen tek oss over Standaleidet i hjartet av Sunnmørsalpane. Her kan vi sjå nokre av dei flottaste fjellformasjonane i Sunnmørsalpane. Vi kjem ned til Hjørundfjorden og køyrer utover Hjørundfjordstranda til den vesle bygda Ytre-Standal. Lokale guidar fortel om bygda si til dels dramatiske historie gjennom kriser og oppgangstider.

Dette er ein kombinert buss- og fottur. Vi tek no beina fatt for å få ein fin tur til sæters. Det er ei lett vandring i roleg tempo som passar for heile familien. Ta med gode sko og kle dykk etter vêret! Når vi kjem ned til bygda att vert det enkel matservering. Vi reknar med å vere tilbake i Ørsta ca kl 20.30.

 

Pris for vaksne kr 300,- . Pris for born t.o.m 12 år kr 200.-. Enkel matservering inkludert i prisen.

For å vere sikra plass er påmeldingsfristen kvelden før innan kl 22.00. Tlf 70068518 eller info@orstainfo.no

 

 

 

 

Torsdag 15. juli:

FANTASTISK BÅTTUR PÅ HJØRUNDFJORDEN

GÅ KULTURMINNELØYPA I ”MELLOMALDERBYGDA” BJØRKE

 

Oppmøte stemneplassen ved klubbhuset kl 09.15

Oppmøte på turistkontoret i Ørsta kl 09.30

Etter avtale oppmøte på kaia på Sæbø kl 10.00

 

  

 

Vi køyrer gjennom Bondalen til Sæbø ved Hjørundfjorden. Derifrå tek vi skyssbåten MS Hjørundfjord  til den vesle bygda Bjørke som ligg lengst inne i fjordarmen Storfjorden. Denne guida båtturen gjev oss høve til å oppleve eit av dei vakraste fjordlandskapa i Noreg.

På Bjørke vert vi tekne i mot av eit lokalt vertskap som viser oss rundt i bygda. Her er det mange bygningar som fortel om livet ved Hjørundfjorden i gamle dagar. Bjørke er ei av dei bygdene som har størst konsentrasjon av bygningar frå mellomalderen i Noreg.

Vi går den flotte kulturminneløypa og får sjå inn i fleire historiske hus. Mellom anna vitjar vi den gamle krambuda Jodbuda som no er museum, vi ser på naustrekkja frå 1500-talet, den eldgamle Tingstova frå ca år 1600 og husmannsplassen Tua frå ca 1750. Av nyare ting kan vi nemne telefinkiosken Pillarguri som Linda Eide har sett på topp tre lista over norske attraksjonar! På Bjørke nyttar vi føtene som framkomstmiddel! Til saman bli det om lag ein times gange på veg, sti og mark. Ta med gode sko og kle dykk etter vêret.

Undervegs viser vi fjordhest-filmen ”Ferda til Romdalsmarknaden” som NRK har laga. Her vert det også ein kaffikopp og vafler. Vi avsluttar runda i kunst- og handverkskaféen før båten tek oss attende til Sæbø. Vi reknar med å vere attende i Ørsta ca kl 13.45.

 

                                              

Pris for vaksne  kr 450,- / for born t.o.m 12 år kr 250.-

Pris frå Sæbø (utan buss) kr 400,- for vaksne / kr 200 for born.

For å vere sikra plass er påmeldingsfristen kvelden før innan kl 22.00. Tlf 70068518 eller info@orstainfo.no

 

 

 

 

Fredag 16. juli:

TUR TIL HAVLANDET GJENNOM DEN UNDER-SJØISKE EIKSUNDTUNNELLEN

OPPLEV ØYRIKET I VEST, FOTTUR TIL UTSIKTSFJELLET MULETUA

PÅ NERLANDSØY

 

Oppmøte stemneplassen ved klubbhuset kl 14.45

Oppmøte på turistkontoret i Ørsta kl 15.00

 

 

 

Frå Ørsta køyrer vi gjennom det to år gamle Eiksund-sambandet (287meter under havet) som knyter saman Indre og Ytre Søre Sunnmøre. På få minutt kjem vi ut til havlandet. Målet vårt ligg i Herøy kommune som består av mange ulike øyar som er bundne saman med talrike bruer. Vi køyrer forbi kystbyen Fosnavåg og vidare til Nerlandsøy. Heilt ute i havgapet ligg bygda Kvalsvik.

Her går vi opp på det vesle fjellet Muletua (ca éin time å gå til toppen) der vi har ei fantastisk utsikt over øyar og hav. Ta med gode sko og kle dykk etter vêret. Det kan også vere lurt å ta med noko å drikke og litt niste.

Nedanfor fjellet ligg sandstranda Mulevika. Dette er ein fin badeplass, og – dersom det fristar – kan dei som vil ta seg ein tur på stranda i staden for å gå på fjellet! Bussen køyrer bort til råsa som fører ned til stranda, og ein vil avtale tid for å bli henta. Turleiaren vert med dei som vil på fjellet.

Vi reknar med å vere attende i Ørsta ca kl 20.00.

 

Pris for vaksne kr 300,- . Pris for born t.o.m 12 år kr 200.-. Enkel matservering inkludert i prisen.

For å vere sikra plass er påmeldingsfristen kvelden før innan kl 22.00. Tlf 70068518 eller info@orstainfo.no

 

 

ARRANGØR AV TURANE:

SUNNMØRSALPANE GUIDE SERVICE I SAMARBEID MED LOKALE AKTØRAR

OG TURISTKONTORET I ØRSTA

 

 

 

 

 

 

Vår hovudsponsor: